Legræid skule

Vallset - Prowise_edited.jpg

Dei brukar tavla via pc, minnepinne og SLSO. Korleis dei brukar tavla, er litt avhengig timens innhald og kor lenge dei skal vera i klasserommet.

Dersom ein nyttar same tavle heile dagen, loggar ein seg på tavla. Tilbakemeldingar frå timelærarar og lærarar hos yngre elevar er at det tek for mykje tid å logge seg på, der av vel dei å bruke pc i staden. Funksjonar i tavla som oftast vert brukt er; tavla, klokke, skrive (gjerne fleire i lag).

Ein del lærarar brukar og Smart Notebook og Smart Lab med t.d «del budskapet». Andre brukar ressursane gjennom SLSO. Dei lagar opplegg (på heimekontor) som dei hentar fram på tavla. Dei deler filar med elevane og brukar Monsterquiz som oppsummering av veka.

Verktøyet fungerer godt i høve dei ressursane vi vel å bruke. Nettlesar vart og betre etter oppdatering, og Firefox fungerer godt. For dei som brukar pc, er det supert at tavla har pauseknapp slik at kan lærar kan finne fram nytt opplegg utan at elevane ser det han/ho gjer.
Verktøyet bidrar til variasjon, fleksibilitet, differensiering, felles fokus, framsyning av elevarbeid og å dele løysingar.

Elevane får bruke tavla til å skrive på, som tavle og svare i digitale bøker. Dei har brukar «del budskapet» til førkunnskap, har monsterquize, ser felles undervisningsfilm eller anna gjennomgang. Elevar får lekser i SLSO t.d tokolonne. Deling av skjerm er noko som fungerer godt i klassar med eldre elevar.

Alle smartlab aktivitetar engasjerer elevar. Det at det er i fellesskap eller delt ut på eigen enhet.