Sogndal kommune

Vallset - Prowise_edited.jpg

I Sogndal Kommune har me valgt å standardisere smarte tavler i klasseromma våre til SmartBoard. Slik kan me køyre felles kompetanseheving med dei tilsette, og dei kan enklare dele idear og opplegg med kvarandre. Me er opptekne av at elevane våre skal møte det same læringstilbodet uavhengig av kva skule dei går på i kommunen. For dei tilsette på IT er det også mykje enklare å inneha rett kompetanse og kunne yte god support på ei standardisert løysing, og det er ein stor fordel at ein har ein fast kontaktperson hjå leverandøren som kan svare på alle spørsmål. Me opplever at SmartBoard og Smart Notebook er særs gode og populære læringsverktøy i Sogndalsskulen.

Lærar, Sagatun Skule:

«Eg brukar programvaren Notebook mykje! No i haust hadde vi for eksempel eit prosjekt om tannhelse. Elevane vart delt inn på tvers av klassane 1.-4. – altså aldersblanda grupper og gjekk rundt på ulike stasjonar. På min stasjon jobba vi med tannfelling, matematikk og statistikk. Eg laga ei Notebookfil der eg hadde lagt inn ein mal til søylediagram. På sida var det lagt inn forslag til 4 kvadrat i ulik farge som var «uendeleg klona». Desse kunne elevane velje frå når dei skulle illustrere kor mange tenner dei hadde mista. Vi laga også eit liknande på ark som heng på veggen. Elevane fyller stadig inn i nye ruter når dei mistar tenner. Slik fekk me konkretisert diagrammet og variert øvinga – då hugsar elevane enno betre.

Lærar, Leikanger Ungdomsskule:
«Eg bruker ofte Smartboard i faga mine; KRLE, samfunnsfag og norsk. Den er så fin til å gjennomgå fagstoff på, til å lage fine presentasjonar, og til å lage spørsmål- og svaroppgåver. Den er også super å bruke til å lime inn lenkjer frå internett, slik at eg kjem rett inn på sidene med eit klikk. Då lèt eg også elevane komme opp og klikke på bilete eller omgrep osv. Enkelt å bruke, med mange gode funksjonar. Ein kan òg dele opplegg med andre lærarar, det er jo ein stor fordel.»

Lærar, Kvåle Skule:
«Eg brukar både Smartboard og Smart Notebook kvar dag, og tykkjer Notebook er eit veldig enkelt program for å lage PowerPoint-aktige slides, men der ein har litt større fridom enn i PP til å gjera det litt som ein vil. Eg føler i alle fall at eg klarar å lage engasjerande forelesingar på ein anna måte enn ved vanleg tavleundervisning!»